Vil du vere meddommar eller skjønnsmedlem?

Haram kommunestyre valte nye meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten for perioden 2025-2028 i møte 13. juni 2024. 
 

Kva inneber det å vere meddommar?

Meddommarar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjerder i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å bli innkalla éin til tre gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå éin til tre dagar, men enkelte saker kan vare lengre.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får ein fri frå jobb for å utføre vervet. Viss ein taper arbeidsforteneste, blir det gitt erstatning for dette.

Vervet som meddommar i Møre og Romsdal tingrett eller Frostating lagmannsrett inneber at du er ein av fleire som skal dømme saman med juridiske fagdommarar. Vervet som meddommar inneber at du saman med andre vil avgjere skuldspørsmål i straffesaker/jurysaker.

Kven kan bli meddommar?

Meddommarar blir valde av kommunestyret for ein periode på fire år. Skjønnsmedlemmer blir valde av fylkestinget for ein periode på fire år.

Vi ønsker mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje når det skal veljast nye meddommarar, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetjing. 

Haram kommune pliktar å undersøke om du fyller vandelskrava.

For meddommarar i jordskifteretten:

Dei fleste saker medfører synfaring i skog og mark. Meddommarane må difor ha normalt god helse og kunne ta seg fram i terrenget.

 Du finn meir informasjon på heimesida til Norges Domstoler

Særskilt om skjønnsmedlem

Skjønnsmedlemmer blir brukte i spesielle saker der det skal utøvast skjønn, til dømes verdifastsetjing av fast eigedom i samband med ei ekspropriasjonssak. Desse sakene blir regulerte av skjønnsprosesslova. 

Meddommarar i lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten kan i tillegg oppnemnest som skjønnsmedlem. 

Det er inga øvre aldersgrense for vervet.

Kommunen skal foreslå 8 skjønnsmedlemmer til Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi ser særleg etter kandidatar med kompetanse innan/som:

  • lands- og skogbruk
  • arealplanlegging
  • eigedomsutvikling
  • fast eigedom
  • vatn og avløp
  • entreprenør
  • arkitekt
  • eigedomsmeklar
  • takstmann (bygningskunnig kompetanse)
  • revisor/økonom

 

Vil du vite meir?

Ved spørsmål rundt val av meddommar og skjønnsmedlem er du velkomen til å ta kontakt med politisk sekretær Ragnhild Movik: