Ein planstrategi er ikkje ein plan, men eit hjelpemiddel til å identifisere utfordringane som ligg framfor oss i kommunen sine ulike tenesteområde, og deretter prioritere kva planoppgåver vi skal arbeide med for å møte desse utfordringane på best mogleg måte.
Planstrategien skal gi oss oversikt over:
- Gjeldande planar og ei vurdering av desse
- Kva for planar det er behov for å revidere
- Kva for planar som bør gå ut eller kan inngå i andre plandokument
- Om det er behov for å utarbeide nye planar
Planstrategien er heimla i plan- og bygningslova og skal også ta stilling til om gjeldande kommuneplan skal vidareførast, justerast eller gjennomgå full revisjon (jfr. PBL §10-1).
I Haram vil planstrategien bli rullert årleg i inneverande kommunestyreperiode.
Gå til vedtatt planstrategi for 2025-2028
Her kan du lese tidlegare planstrategi for Haram kommune
Sist endra 20.06.2025 15.22