KommuneplanKommuneplanen er ein langtidsplan som angir langsiktige mål, strategiar og prioriterte innsatsområde for utviklinga av Haram kommune. Haram var ein del av Ålesund kommune i åra 2020 — 2023. Nokre av planane frå tidlegare Ålesund kommune vil halde fram med å gjelde ei stund til, fram til nye Haram kommune vedtek nye, eigne planar.Kommunal planlegging skal ta vare på både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver.Kommuneplanen er ein lovpålagt plan som skal bidra til ønska samfunnsutvikling og arealutnytting i eit lengre tidsperspektiv. Den legg føringar for all anna planlegging, og skal ligge til grunn for både eigen og statleg/regionale verksemd i kommunen. Ein samfunnsdel og ein arealdelKommuneplanen består av ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel.Samfunnsdelen skal innehalde langsiktige mål og strategiar, og skal peika ut retning for utviklinga av kommunen som organisasjon og samfunn. Samfunnsdelen skal bygge på FN sine berekraftsmål, og vise korleis måla vert følgt opp lokalt. Her kan du lese samfunnsdelen Grunnlagsdokument for samfunnsdelenKunnskapsgrunnlaget er eit sentralt dokument i samband med utarbeiding av planstrategi og kommuneplanen sin samfunnsdel. Kunnskapsgrunnlaget har fokus på dei store linjene i samfunnsutviklinga og har som mål å sikre felles forståing av no-situasjonen og dei utfordringane vi vil møte i åra framover. Det er viktig å understreke at kunnskapsgrunnlaget ikkje gir ei fullstendig oversikt over alle område i kommunen. I tillegg er det ein del område vi ikkje har oppdatert statistikk og tilgjengelege data for, grunna kommunesamanslåingsperioden 2020-2024, der Haram inngjekk som ein del av talgrunnlaget til Ålesund kommune. Kunnskapsgrunnlaget skal danne grunnlag for politiske vurderingar og fastsetting av satsingsområde i kommuneplanen sin samfunnsdel.Her kan du lese kunnskapsgrunnlaget for kommuneplanen sin samfunnsdel Arealdelen består av et plankart med føresegner og ein planomtale med konsekvensutgreiing, og viser korleis areala i kommunen skal brukast og/eller vernast, og korleis strategiane frå samfunnsdelen skal realiserast ved rett lokalisering av tenester og funksjoner. I kommunens to kartportalar WebInnsyn og GeoInnsyn kan du sjølv studere vedtatte kommuneplanar/kommunedelplanar, reguleringsplanar med tilhøyrande reguleringsføresegner og reguleringsplanar under arbeid.Sjå planinnsyn og plankartOverordna strategiar 2021-2024Som oppfølging og konkretisering av kommuneplanen sin samfunnsdel har kommunestyret vedtatt strategiar for korleis vi skal møte nokre av dei største utfordringane vi står ovanfor: FolkehelsestrategiNæringsstrategiStrategi for tenesteutvikling og nyskapingGrøn strategiStrategi for helse- og velferdsområdet: Heilheitleg innsatstrappPAKT - plan for areal, klima og transport for Ålesundsregionen (regional plan/interkommunal)Strategiane konkretiserer korleis vi skal jobbe for å nå FN sine berekraftsmål og måla i kommuneplanen sin samfunnsdel, og utgjer sentrale styringsdokument i kommunestyreperioden.Strategiane er også å finne i planoversikta under kategorien «overordna strategiar». Publisert 15.08.2023 17.11 Sist endra 01.10.2024 09.45