Gjennom plan- og styringssystemet skal politikarane kunne ta ansvar for strategisk styring og prioritering, og kommunedirektøren ta ansvar for å sette i verk og følge opp politiske vedtak, mål og prioriteringar.
Planstrategi
Kva er utfordringsbiletet og kva for planar har vi behov for?
Kommuneplan – samfunnsdel og arealdel
Korleis ønskjer vi å ha det og kva skal dei overordna måla våre vere? Korleis skal vi nytte areala våre til bustad, næring og friområde.
Overordna strategiar, tema- og fagplanar
Korleis skal vi nå måla?
Kommuneplanen sin handlingsdel – økonomiplan og budsjett
Korleis må vi prioritere ressursane for å nå måla?
Årsmelding
Kva vart resultatet?