Framande, uønska planteartar

Framande artar er artar som finst utanfor sitt naturlege utbreiingsområde og spreiingspotensiale. Artane blir rekna som ein av dei største truslane mot naturmangfaldet fordi dei kan utrydde stadeigne artar.

Kva er ein framand art?

Ein framand art er ein art som ikkje høyrer naturleg heime i eit område. Nokre av desse artane kan bli invaderande, og føre til stor skade på det biologiske mangfaldet.

Framande artar i naturen kan til dømes vere "hagerømlingar" som spreier seg frå hagen eller hageavfall, eller "blindpassasjerar" som er smådyr som kjem hit gjennom transport av plantejord og andre varer.

Her finn du lenkjer til informasjon om framande artar frå ulike kjelder:

Kva kan du gjere?

Dette kan du gjere for å hindre innførsel og spreiing:

  • Lær deg kva hageplantar som utgjer ein trussel i naturen utanfor hagegjerdet ved å søke i Fremmedartslista.
  • Plant ikkje desse artane i eigen hage, på grunn av faren for spreiing.
  • Bekjemp framande artar viss dei etablerer seg utanfor hagegjerdet.
  • Ikkje kast planteavfall frå framande artar i naturområde eller på tilfeldige avfallsplassar.
  • Send planteavfall frå framande artar som kan innehalde frukter eller frø til forbrenning.
  • Anna planteavfall frå framande artar kan kastast i komposten viss det vert varmkompostert (gjeld ikkje slirekneartar).
  • Når du handlar eller byter plantar, bør du vere merksam på at det kan vere med følgjeorganismar som kan bli vanskelege å bli kvitt seinare.
  • Ver med å kartlegge - om du finn problemartar i naturen kan du registrere desse i Artsobservasjoner.