Fjerne eller klippe ned tre på kommunal grunn
Har du av ulike grunnar ønske om å felle tre i kommunale friområde, parkar eller på annan kommunal grunn? Då må du søkje Haram kommune om løyve.
Vi vurderer søknaden i lys av formålet for arealbruken på staden, vurdering av naturmangfaldet og dessutan kva fordelar og ulemper trea utgjer for både naboar og allmenta.
Søknaden blir behandla etter nabolova.
I søknaden må du oppgi om du ønskjer å felle trea i eigen regi og legge ved kart som viser kvar du ønskjer å felle tre eller rydde vegetasjon.
For å vareta omsynet til hekking, blir det ikkje gitt løyve til å rydde vegetasjon og felle tre i perioden 1. april til 15. juli.
Søk om felling av tre
Meir informasjon
Publisert 30.08.2023 13.33
Sist endra 29.12.2023 12.14