Alle verksemder som jobbar med behandling og pleie av hår eller hud må følge hygieneforskrifta. Målet er å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebygge overføring av smittsomme sjukdommar.
Lokale til frisør- og hudpleieverksemd og solarium skal meldast til kommunen:
- før lokala blir tekne i bruk
- ved eigarskifte
- ved større endringar og utbyggingar
Hudpleie omfattar behandling av hud og negler med preparat, instrument eller apparatur, under dette solarium, hårfjerning og massasje som aromaterapi og soneterapi.
Frisørverksemd omfattar all behandling og pleie av hår, også barbering.
Les meir om krava for å eige og drive solarium på nettsida til Direktoratet for strålevern og beredskap (dsa.no)
Slik søker du
Du melder eller søker godkjenning for verksemda ved å fylle ut skjema på Nemko Norlab sine nettsider:
Melde- og godkjenningsskjema for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemder
Om søknadsprosessen
Etter at vi har mottatt søknaden får de svar innan tre veker om når vi kan komme på tilsyn. På tilsynet ser vi på lokala, utstyret og dei skriftlege rutinane.
Nokre veker etter tilsynet får de ein rapport om kva vi fann under tilsynet. Dersom det er avdekt avvik frå hygieneforskrifta, vil du få tilsendt eit enkeltvedtak som seier kva som må rettast før verksemda kan starte opp.
Moglegheit til å klage
Om du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Om kommunen opprettheld avgjersla, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følge.