Skjenkebevilling for ope og lukka arrangement

Skal du halde eit arrangement på ein offentleg stad må du søke om skjenkebevilling. 

Når treng du å søke?

Du må søke om skjenkeløyve om:

  • Du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement. 
  • Du leiger lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsløyve. 
  • Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område.

Kva er krava til den som søker?

  • Søkar må vere fylt 20 år.
  • Du må oppgi ein person som skal vere ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år

Søknad

Søk om skjenkebevilling til lukka arrangement

Søk om skjenkebevilling til ope arrangement 

Søknadsfrister

Så lang tid må du berekne for å få svar på søknaden: 

  • Lukka arrangement: 3 veker
  • Opne arrangement: 4 veker (fordi politiet treng 3 veker på å utarbeide vandelsattest) 
  • Opne, større arrangement: Meir enn 4 veker