Når kommunen mottar søknader om bevilling, ber vi alltid om ein uttale frå politiet, kemneren og skatteetaten. Dei melder frå til kommunen om forhold som tilseier at søknaden ikkje bør innvilgast. Kravet til uklanderleg vandel i alkohollova og serveringslova skal vere oppfylt.
I tillegg utfører kommunen vandelsvurderingar av bevillingshavarar, eigarar og andre sentrale aktørar i driftsperioden. Desse vandelsvurderingane blir gjort på bakgrunn av opplysningar kommunen får frå mellom andre politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene.