Kven kan ta prøva?
Etablerarprøve for serveringsverksemd
Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøven. Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.
Kunnskapsprøve for sals- og skjenkjeløyve
Alle som ønskjer det kan ta kunnskapsprøvene. Den som skal vere styrar eller avløysar på ein stad med sals- eller skjenkeløyve, må ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.
Kva er pensum?
Etablererprøve for alkoholloven
Pensum for etablerarprøva er utarbeidd av VINN-senteret i Narvik (Veiledningsinstituttet i Nord-Norge) og må bestillast av den enkelte.
Kunnskapsprøve for alkoholloven
- Pensum for salgsbevilling: Kunnskap om alkohollovens kapitler 1,3,7,8 og 9 og alkoholforskriftens kapitler 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.
- Pensum for skjenkebevilling: Kunnskap om alkohollovens kapitler 1, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskriftens kapitler 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14.
- Pensum for skjenkekontrollører: Kunnskap om alkohollovens kapitler 1, 3, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskriftens kapitler 1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.
Boka "Kunnskapsprøven i alkoholloven", som du kan kjøpe på vinn.no inneheld det du treng å vite før du gjennomfører kunnskapsprøva i alkohollova for salsbevilling og for skjenkebevilling.
Kvar tar du prøva?
Etablerar- og kunnskapsprøver kan du ta på tenestehuset i Brattvåg.
Bestill tid for etablerar- og kunnskapsprøver
Gjennomføring av prøva
- Møt opp 15 minutt før prøva startar for å få delt ut brukarnamn og passord.
- Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort med bilete eller nasjonalt identitetskort).
- Det kostar 400 kroner. Du kan betale med Vipps når du melder deg på eller få faktura.
- Du får ikkje tilbake pengane viss du ikkje møter opp til prøva. Refusjon blir berre gitt viss du har legeerklæring.
- Etablerarprøva for serveringsverksemd er ei fleirvalsprøve på 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
- Kunnskapsprøva for alkohollova er ei fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare rett på 24 av 30 spørsmål.
- Prøva blir teken på norsk.
- Hjelpemiddel:
- Etablerarprøva: berre tillate med lovsamling som innbyggarservice har til utlån.
- Kunnskapsprøva: berre tillate med ordbok.
- Mobiltelefon er ikkje tillate under prøva.
Tilrettelegging ved spesielle behov
- Dyslektikarar kan avlegge etablererprøven muntleg (krever legeattest).
- Har du andre utfordringar, legg vi til rette så langt det let seg gjere. Dette må avtalast på førehand med å sende ein e-post til innbyggarservice: innbyggarservice@haram.kommune.no
Klageadgang
Det er ikkje klageadgang i samband med etablerarprøva og kunnskapsprøva, men alle kan ta prøva opp igjen så mange gongar det er behov for det. Det må betalast nytt gebyr for kvar gong.
Vil du vite meir?