Her kan du som er påført skade av grågås søke kommunen om skadefelling tidleg på våren.
Du må kunne dokumentere skade på landbrukseigedom av ei viss økonomisk tyding og ha gjort førebyggande tiltak før du søker.
Førebyggande tiltak kan vere skremming, gjerde mot sjø, eggplukking (grunneigar eller andre med løyve frå grunneigar) eller andre førebyggande tiltak.
Ta kontakt med landbrukskontoret slik at skaden kan takserast før det blir gitt skadeløyve. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida.
Søk om løyve til skadefelling av grågås
Dersom du får løyve til å felle skadegås, må du innan ein gitt frist rapportere om kor mange fellingar som er gjort. Fristen står spesifisert i vedtaket du får. Rapporteringa skal skje via digitalt skjema.
Her kan du rapportere om felling av skadegås