Rett til å jakte
Retten til å jakte tilhøyrar i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og villrein blir tildelt godkjende vald (det geografiske området som jakta skal gå føre seg i) utan årleg søknad. For småvilt krevst ikkje fellingsløyve.
Grunneigaren kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for eit vald eller eit bestandsområde som er godkjent for jakt på elg og/eller hjort, og som disponerer eit areal på minimum 20 gonger minstearealet. Kommunen skal godkjenne planen og gi eit samla fellingsløyve for heile planperioden.
Viltforvaltning
Kommunen har eit overordna ansvar for viltforvaltninga lokalt og ivaretaking av viktige leveområde for viltet gjennom arealplanlegging.
Nordre Sunnmøre landbrukskontor administrerer viltforvaltninga for Haram kommune.
Viltnemnda er politisk organ.
Forvaltningsplanar
Her finn du Haram kommune sine forvaltningsplanar for hjort og grågås
Vil du vite meir?
Jakt og viltforvaltning (Regjeringen.no)
Jegerprøve (jegerproveeksamen.no)