Fritidsfiske

Fritidsfiske er ein av dei viktigaste og mest utbreidde friluftsaktivitetane i Noreg. Før du legg ut på fisketur må du sjekke kvar det er lov å fiske.

Fjordfiske

Omlag halvparten av den vaksne befolkninga fiskar ein eller fleire gonger i året.

Du kan fiske med:

  • Handsnøre, fiskestong og éin maskindriven juksa eller dorg.
  • Garn med samla lengde på inntil 210 meter.
  • Liner med opptil 300 anglar.
  • Inntil 20 teiner eller ruser.

Kvar enkelt fritidsfiskar kan kombinere desse reiskapstypane i den mengda som er oppgitt. Men dersom det er to eller fleire fritidsfiskarar om bord i eit fartøy, gjeld reiskapsbegrensninga per fartøy og ikkje per person.

Utanlandske statsborgarar som ikkje har fast bustad i Noreg har lov til å drive sportsfiske med handreiskap, men dei kan ikkje selje fangsten.

Frå slutten av februar og ut i april månad er det torskefiske i fjordane.  

Innanlandsfiske

Retten til å fiske etter innlandsfisk som laks, aure og sjøaure i vassdrag tilhøyrer grunneigar. Det betyr at ein anten må kjøpe fiskekort eller ha løyve frå grunneigar for å kunne fiske. I tillegg må det årleg betalast ei statleg fiskaravgift.

Det skal løysast fiskaravgift for fiske etter laks, aure, sjøaure i tillegg til at ein må ha fiskekort eller løyve frå rettshavar til å fiske.

På inatur.no nettsidene sine kan du kjøpa elektroniske fiskekort.
Kjøp fiskekort eller jaktkort

Elvefiske

Elvefiske vil all hovudsak krevje at det blir løyst fiskekort hos dei lokale elveeigarlaga eller tilknytta grunneigarar. Fisketidene må sjåast på som retningsgjevande. Riktig informasjon får du hjå grunneigarar og elveeigarlag. Hugs statleg fiskeriavgift i tillegg.

Fiske
Elv Fisketid Kommentar Elveeigarlag
Slyngstadelva Laks: 15.06–15.07 Sjøaure: 15.06–15.07 Slyngstadelva grunneigarlag
Hildreelva Laks: 15.06–15.08 Sjøaure: 15.06–15.08 Døgnkvote per fiskar: 2 sjøaure. Fiskekort kjøpast i postkasse ved elva. Hildre og Myren grunneigarlag
Vatneelva Laks: 15.06–31.07 Sjøaure: 15.06–31.08 Fiskekort kjøpast på Joker Vatne. Vatnevassdraget grunneigarlag
Tennfjordelva Laks: 01.06-15.08 Sjøaure: 01.07-15.08 Døgnkvote per fiskar: 1 sjøaure Døgnkvote per fiskar: 2 laks. Tennfjord elveeigarlag

Lover, reglar og forvaltning