Kva er støy?
Støy er uønska lyd som kan verke forstyrrande. Svært kraftig lyd kan gi høyrselsskadar. Vedvarande støy kan verke negativt inn på helsa, skape mistrivsel og opplevast som ei plage.
Les meir om støy på miljødirektoratet.no.
Regelverk
Støy kan komme frå svært ulike kjelder og vere heimla i fleire lovverk som blir forvalta av ulike kommunale og statlege etatar. Nokre støykonfliktar kan vere samansette og svært vanskelege å løyse.
Vegvisar til støyregelverk (Miljødirektoratet)
Er du plaget av støy?
Alle støykonfliktar bør ein forsøke å løyse på lågast mogleg nivå ved direkte kontakt mellom klagar og støyeigar. Dette gir det beste høvet til å komme fram til felles forståing for situasjonen og ei løysing som er akseptabel for begge partar.
Her kan du ta kontakt om du opplever støy:
- Har du problem med trafikkstøy, kontakt Statens vegvesen.
- Har du problem med med støy som forstyrrar ro og orden, eller heilagdagsfreden, kontakt politiet.
- Har du problem med støy langs kommunale vegar kan du kontakte vegavdelinga i kommunen.
- Dersom du har problemer med støy fra ventilasjonsanlegg, anleggsarbeid, byggearbeid, konserter, uteliv, festivaler og lignende kan du kontakte kommuneoverlegen.