Radon er ein radioaktiv edelgass uten farge, lukt eller smak. Gassen blir danna i berggrunnen og kan sive inn i hus der det er sprekker og utett mot grunnen. Når vi pustar inn luft som inneheld radon, avgir den stråling til lungene, noko som over tid kan føre til lungekreft.
Noreg er mellom dei landa i verda som har dei høgaste konsentrasjonane av radon i innelufta. Dette skuldast både geologiske forhold, klimaet vårt og måten vi bygger husa våre på.
Det finst radon i berggrunnen dei fleste stadar i Noreg, men mengda varierer frå stad til stad, og frå hus til hus. For å finne ut om du har radon i huset, må du måle. Kjellar og første etasje er mest utsett sidan gassen kjem frå grunnen. Radonnivået er til vanleg høgare om vinteren enn om sommaren.
Det finst også radon i vatn. Hushaldningsvatn frå borebrønnar i fast fjell kan innehalde høge konsentrasjonar, og når du dusjar, brukar oppvaskmaskin og liknande vil radon frigjerast til innelufta.
Tilkøyrde massar, som pukk og grus, i byggegrunnen kan medverke til problem med radon, sjølv om du bur i eit område som ellers er lite utsett. Også byggemateriale av stein kan bidra til radon i innelufta, men i Noreg er dette ei mindre vanleg årsak.
Set du opp eit nybygg som er tenkt for varig opphold, skal det ha radonførebyggande tiltak, ifølge byggeregelverket (byggteknisk forskrift).
Leiger du ut bustad, har du ansvar for at radonnivået i utleigebustaden er under forskriftsfesta grenser.
Helserisiko
Radon i inneluft aukar risikoen for lungekreft. Risikoauken er blir bestemt av kor lang tid du blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er. Størst er risikoen for dei som aktivt røyker eller har røykt.
Dersom nivåa er for høge kan du redusere risikoen ved å gjennomføre radonredusarende tiltak. Ved å halvere radonnivået, blir også risikoen for å utvikle lungekreft forårsaket av radon halvert.
Statens strålevern om helserisiko frå radon.
Varsemdkart
Noregs geologiske undersøking (NGU) og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har utvikla eit nasjonalt varsemdkart for radon.
Måleininga for radon er Bq/m3 : Bequerel per kubikkmeter luft.
Varsemdkartet viser kva område i Noreg som kan vere meir radonutsett enn andre. I område markert med «høg varsemd», er det berekna at minst 20 % av bustadene har radonkonsentrasjonar over øvre tilrådde grenseverdi på 200 Bq/m3 i første etasje. Kartet er basert på inneluftmålingar av radon og på kunnskap om geologiske forhold.
Slik måler du radon
For å finne ut om radonnivået i huset ditt er for høgt, må du måle. Statens strålevern anbefaler alle å måle radon i heimen sin. Det er både enkelt og rimeleg.
Målinga skal skje i vinterhalvåret, mellom midten av oktober og midten av april, og over ein tidsperiode på minst to månader.
Du kan enten måle med sporfilm eller med eit elektronisk måleapparat. Framgangsmåten er uansett den same.
I bustadblokker kan det vere nok å måle i dei to nedste etasjane over bakken, sidan radonnivået normalt er lågt i høgare etasjar.
Statens strålevern om måling av radon.
Kva er tilrådinga?
Statens strålevern tilrår at alle bygningar bør ha så låge radonnivå som mogleg. Måler du ein årsmiddelverdi over 100 becquerel per kubikkmeter luft (Bq/m3) i bustaden, bør du gjere tiltak. Tilrådd grenseverdi for øyeblikksmålingar er 200 Bq/m3.
Tiltak mot radon
Det finst gode og effektive tiltak mot radon. Tetting, ventilasjon og trykkendring av grunnen (radonsug/-brønn) er dei tre hovudkategoriane.
Kva type tiltak, eller kombinasjon av tiltak, som høver best, må vurderast i det enkelte tilfellet. Statens strålevern tilrår at ein først får greidd ut årsaka til radonproblemet og deretter vel tiltak som er tilpassa det enkelte bygget. Ofte treng ein profesjonell hjelp til dette. Det finst ei rekke firma som tilbyr slik hjelp.
Statens strålevern om tiltak mot radon i inneluft.