Vi har alle eit ansvar for å halde orden rundt eigne bossdunkar og på eigedommen vår. Det er forbode å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke skjemmande eller vere til ulempe for miljøet. Om det ikkje er sett opp felles bossdunkar akkurat der du ferdast, må du ta med bosset heim eller finne ein bossdunk ein annan stad. Vi må alle sørge for å frakte grovboss som kasserte møblar, bygningsavfall, bilvrak og kvitevarer til den næraste gjenvinningsstasjonen eller anna godkjend mottak.
Drivar av kiosk, gatekjøkken, daglegvarehandel o.l. har ansvar for å sette opp og tømme søppelkasser i nærleiken av salsstaden (forurensingsloven §35). Den som er ansvarleg for arrangement på offentleg stad skal sørge for nødvendig opprydding ved at avfall blir fjerna under og etter arrangementet.
Hageavfall i naturen er forsøpling
Visste du at hageplanter som spreiast i naturen er ein trussel mot naturmangfaldet? Sjølv om dei ser fine ut i hagen, kan hageplantar skape problem når dei kjem på avvegar. Det er ikkje lov å dumpe hageavfall, dette kan leverast til dei fleste miljøstasjonane utan kostnad.
Les meir om handtering av hageavfall på Attvin sine nettsider
Offentleg ansvar
Innsamling av hushaldningsavfall er det Ålesundsregionens interkommunale miljøselskap (Attvin) som har ansvaret for. Haram kommune og Attvin ryddar rundt offentlege returpunkt på sentrale stadar i kommunen.
Les meir om Attvin og hushaldsrenovasjon.
Kommunen har ansvar for å følge opp:
- Ulovlege bossplassar (villfylling) og anna forsøpling på privat og offentleg grunn. Kommunen må då kjenne til kven som er ansvarleg for forsøplinga.
- Rydding av kommunal veg, veggrøfter og vegskråningar.
- Oppsetting og tømming av søppelkasser langs kommunal veg utanfor tettbygd strøk.
- Oppsetting og tømming av søppelkasser og anna rydding knytt til parkar, friområde, utfartsstadar, badestrender osb. på kommunal grunn.
- At drikkevasskjelder ikkje blir utsett for forureining.
- Fjerning av bilvrak som er etterlatne på offentleg stad
Korleis kontakte kommunen om forsøpling?
Du kan gi beskjed til Haram kommune om forsøpling ved å sende ein e-post til postmottaket vårt. Vi ber om at har med følgande informasjon i meldinga di:
- Adresse eller gards- og bruksnummer, eller eventuelt ei nærare forklaring på kvar området som er forsøpla ligg
- Litt informasjon om saka
- Legg gjerne ved foto
Meld frå om forsøpling til Haram kommune
Aktuelt lovverk
Politivedtekter for Ålesund kommune
Forurensingsloven
Forskrift om miljørettet helsevern
Ønsker du å bidra?