Tilskot til inkludering av barn og unge

Bufdir  lyser ut tilskot til inkludering av barn og unge for 2025, søknadsfristen er 1. november. 

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Ordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år, som av ulike årsaker står i fare for å hamne i utanforskap. Nokre aktivitetstypar kan ha ei meir avgrensa målgruppe.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som deler ut midlane til denne ordninga. Kommunen vurderer søknadane og tilrår til Bufdir. Bufdir tar den endelege avgjerda om kven som skal få midlar.

Kven kan søke?

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

(Enkeltpersonsføretak og privatpersonar kan ikkje søke om dette tilskotet.)

Slik søker du

  1. Les utlysningsteksten nøye og set deg inn i regelverket:
    Her finn du Bufdir sin informasjon om tilskot til inkludering av barn og unge
  2. Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdir sin søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema 2. 

Søk om tilskot til inkludering av barn og unge (bufdir.no)

Søknadsfrist: 1. november 2024

Etter at du har sendt inn søknaden

Kommunar i tilskotsordninga gjer ei administrativ og politisk vurdering og prioritering av søknadane. Bufdir gjer den endelege tildelinga.

Har du spørsmål?