Søknad om spelemidlar

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut stønad frå spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Årleg frist for søknad er den 15. oktober.

Stønaden skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemiddelordninga.

På nettsida anleggsregisteret.no er Kultur- og likestillingsdepartementet sine temasider for tilskot til idrettsanlegg, kulturbygg og friluftslivsanlegg.  Her finn du søknadsskjema, vilkår og krav, og informasjon om søknadsprosessen.

Sjå også informasjon under nyttige lenker lengre nede i denne artikkelen.

Gå til anleggsregisteret.no

Kven kan søke om spelemidlar?

Det er eigaren av anlegget som kan søke om tilskot. I heilt særeigne enkelttilfelle kan departementet gi dispensasjon frå dette kravet. Kven som kan søke om tilskot går elles fram av kapittel 2 i anleggsforskrifta.

Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilloverskuddet til Norsk Tipping (anleggsforskriften)

Typar anlegg

Det kan søkast om tilskot til dekking av godkjente kostnader til aktivitetsflater og tilhøyrande tilleggselement for både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg i samband med

  • Bygging
  • Rehabilitering
  • Fast inventar
  • Kjøp, ombygging og innreiing av eksisterande anlegg eller bygg

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. 

Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50% av godkjent kostnad. 

Departementet fastset årleg maksimale tilskotssatsar for den einskilde anleggstype, tilleggselement og nærmiljøanlegg.

Merk:
Tidlegare kunne velforeinigar, burettslag og bygdelag søke om midlar til nærmiljøanlegg. Med verknad for tildeling av midlar frå og med 2027 vil dette ikkje lenger vere mogleg.

Korleis søke?

  • Kommunen må registrere anlegget i anleggsregisteret.no før søknad kan opprettast. Ta kontakt med kommunen så tidleg som mogleg dersom anlegget ikkje er registrert frå før.
  • Når alt er klart for å sende inn søknad, finn ein søknadsskjema under anleggsregisteret.no
    Gå til søknadsskjema

Har du søkt tidlegare?

Dersom du har søkt om spelemidlar til eit anlegg tidlegare, men ikkje motteke tilskot, må du fornye søknaden din. Dette må du gjere kvart år fram til tildeling.

Dersom du har søkt og motteke delvis tilskot tidlegare, må du gjenta søknaden inntil resterande beløp er tildelt.

Viktige datoar og fristar

  • 15. oktober: Haram kommune sin frist for at komplett spelemiddelsøknad er registrert på anleggsregisteret.no
  • 15. januar: Kommunen sin frist for samla oversending av spelemiddelsøknadar til fylkeskommunen.
  • Mars: Tilbakemelding frå fylkeskommunen om kommunen sine søknader.
  • Mai: Kulturdepartementet legg ramma til fordeling.
  • Juni: Fylkeskommunen behandlar søknadane i Kultur og folkehelseutvalet
  • 15. juni: Nytt søknadsår. Søknadsportalen vert opna.

Nyttige lenker

Om spelemiddelordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune

Anleggsregisteret.no

Gode idrettsanlegg

Norges idrettsforbund

Spørsmål

Vi er tilgjengeleg for å hjelpe både på telefon og e-post, vi kan også avtale møte.