Søk om kulturmidlar Lag og foreiningar heimehøyrande i Haram kommune kan søke om kulturmidlar frå kommunen. Søknadsfristen er årleg den 15. april. Micheile Henderson/Unsplash Ordinære kulturmidlarDei ordinære kulturmidlane er delt inn i tre kategoriar:Song og musikkIdrett og fysisk aktivitetFrie lag og organisasjonarFelles for alle aktivitetane er at dei må vere retta inn mot barn og unge for å få tilskot. Sjå ellers kommunen sine retningslinjer for ordninga. (PDF, 122 kB)Korleis søke?Søknad om midlar må sendast inn elektronisk via kommunen sitt søknadsskjema. Skjemaet vil vere tilgjengeleg frå 1. mars. Dersom det oppstår problem med innsendinga av elektronisk søknad, kan e-post til postmottak@haram.kommune.no nyttast.Søknadsfristen er den 15. april, for seint innkomne søknadar får ikkje tildelt kulturmidlar.Søk om ordinære kulturmidlarStøtte til spesielle prosjektHaram kommune har også ei tilskotsordning for støtte til spesielle prosjekt knytt til kulturmidlane. For desse midlane er det ikkje fastsett søknadsfrist, men prosjekta må vere innanfor rammene av dei vedtatte retningslinjene for slike tilskot.Sjå retningslinjene for tildeling av støtte til spesielle prosjekt (PDF, 237 kB)Korleis søke?Søknad om midlar må sendast inn elektronisk via kommunen sitt søknadsskjema. Dersom det oppstår problem med innsendinga av elektronisk søknad, kan e-post til postmottak@haram.kommune.no nyttast.Søk om støtte til spesielle prosjekt Sist endra 05.03.2026 16.48