Kommunen har utarbeidd retningslinjer for å sikre at økonomisk støtte gir like moglegheiter til alle barn og unge i kommunen, og for at ungdomsklubbane i lag med kommunen arbeider for å særleg inkludere dei som av ulike årsaker ikkje deltek.
Føresetnader som er sett til drift er:
- Ungdomsklubben har attraktive aktivitetar og moglegheiter som er relevant for ungdom frå ulike miljø.
- Samarbeid med ungdommane om drift og ønske for aktivitetar.
- Samarbeid med dei andre ungdsomsklubbane, og eventuelle tilbod i feriar.
- Tilbodet skal vere gratis.
- Klubbane inkluderer vedtak om politiattest i vedtektene.
- Styret tar kontakt med kommunale samarbeidspartnarar når det er vurdert som nødvendig.
Her kan du lese retningslinjer for tildeling av økonomisk støtte til ungdomsklubbar (PDF, 55 kB)
Korleis søke?
Søknad om midlar må sendast inn elektronisk via kommunen sitt søknadsskjema. Skjemaet vil vere tilgjengeleg frå 1. mars. Dersom det oppstår problem med innsendinga av elektronisk søknad, kan e-post til postmottak@haram.kommune.no nyttast.
Søknadsfrist er den 15. april.
For seint innkomne søknadar får ikkje tildelt kulturmidlar.
Søk om øknomisk støtte til ungdomsklubb