Kulturprisen og ungdommens kulturpris

Haram kommune skal årleg dele ut to prisar; kulturprisen og ungdommens kulturpris. I 2024 var fristen for å nominere kandidatar den 1. november.

Føremålet med prisane er å hjelpe fram kulturarbeidet i Haram kommune, og vere ein inspirasjon for vidare innsats. Prisane blir delte ut under årets siste møte i Haram kommunestyre.

Kven kan få prisane?

Kulturprisane kan bli tildelt enkeltpersonar, grupper av personar eller lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

I dei tilfella der kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem særleg denne kommunen til gode, kan prisen også tildelast kandidatar som ikkje er busette i kommunen.

Prisane kan ikkje tildelast offentlege institusjonar eller til landsomfattande organisasjonar, som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar. Personar som er tilsette av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern kan heller ikkje motta prisane. 

Les vedtektene for ungdommens kulturpris i Haram kommune (PDF, 66 kB)

Les vedtektene for kulturprisen i Haram kommune (PDF, 132 kB)

Slik sender du forslag til kandidat

Både enkeltpersonar, lag og organisasjonar kan sende inn forslag til kandidatar til kulturprisen. Forslaga skal vere skriftlege og med grunngjeving. 

Kulturutvalet kan vurdere andre kandidatar enn dei det er kome framlegg om.

Ved innsending av forslag skal kommunen sitt digitale skjema skal brukast.

Frist for å stille forslag

Kulturutvalet i Haram kommune skal sørge for å gjere prisen kjend, og set fristen for innsending av forslag til kandidatar. 

I 2024 var fristen for å foreslå kandidatar 1. november, både for kulturprisen og ungdommens kulturpris.

Kva skjer vidare?

Kulturutvalet gjer vedtak om prisen skal utdelast og kven som skal få prisen. Den som får prisen, vert også tildelt eit synleg bevis på prisen i form av eit diplom. Vedtak vert gjort med vanleg fleirtal.

Det skal ikkje offentleggjerast kven som er kandidat eller korleis avrøystinga mellom kandidatane vert gjort i kulturutvalet. Kulturutvalet skal grunngi vedtaket dei gjer.

Klage

Det er ikkje klagerett etter forvaltningslova.