Ingebrigt Davik-huset (ID-huset)
Ingebrigt Davik-huset (ID-huset) er eit aktivt kulturhus med konsertsal, kinosal og kulturstue.
Det blir arrangert konsertar og teater og vist kino. Huset med tilsette kan vere vertskap for konferansar, bryllaup og seminar, og har også fokus på gode ungdomsarrangement.
Eidet kulturhall
Eidet kulturhall er ein kommunal kulturhall, som er oppført i tilknyting til Vatne ungdomsskule og IL Ravn sitt anlegg. Den er eit kombinert bygg for idrett og andre kulturføremål.
Bygget inneheld ein kombinert idretts- og festsal som har 320 sitteplassar i teleskopamfi. Bygget har fleire møterom, kjøkken og ein mindre sal.
Hallen blir driven av Foreininga Eidet Kulturhall (FEK), som er ei samanslutning av lokale lag og organisasjonar.