Rekning og erstatning
Haramsbiblioteka har felles rutiner for purring og erstatning av bøker:
- Etter at lånetida til ei bok eller anna materiale har gått ut, sender biblioteket ut to varsel med påminning om å levere tilbake materialet.
- Dersom det framleis ikkje vert returnert, vert det sendt ut ein faktura med erstatningskrav. Det er Haram kommune som sender ut fakturaen.
Erstatningskrav
Dersom du mistar eller skader bibliotekets materiale, må du betale erstatning.
Sjå erstatningssatsane, som blir vedtatt årlig av kommunestyret
Merk at:
- Språkkurs og spesielt verdifulle bøker, t.d. på lokalsamlinga, blir fastsett individuelt av biblioteket på grunnlag av innkjøpspris og tilgang.
- Bøker som er lånt frå andre bibliotek er det eigarbiblioteket som fastset kravet.
- Ved erstatningskrav må ein også betale eit administrasjonsgebyr på kr. 100,-. Gebyret dekker kostnader ved å sende ut faktura, i tillegg til ekstraarbeidet biblioteket har med å skaffe materiale tilbake og klargjere for utlån.
Har du fått erstatningskrav?
- Har du bøkene?
Lever tilbake alt du har lånt og betal administrasjonsgebyret. Bruk fakturaen du fekk tilsendt, men juster beløpet. Bruk same KID-nummer.
- Finn du berre nokre av bøkene?
Lever dei tilbake, juster beløpet på fakturaen og betal.
- Finn du ikkje noko av det du har lånt?
Då må du betale heile beløpet på fakturaen.
Dersom du finn igjen boka etter at fakturaen er betalt, kan du ikkje få tilbake pengane. Biblioteket kan likevel vurdere om vi vil kjøpe boka tilbake. Det kan vere aktuelt om vi kan dekke eit hol i samlinga eller serien ved å kjøpe tilbake materialet.
Ta kontakt med oss på biblioteket om du har spørsmål eller klager som gjeld erstatning.