Fritidsutstyr til utlån

Vil du prøve ein ny fritidsaktivitet, men manglar utstyr? Haram kommune har ein stor base med ulikt friluftsutstyr til utlån. Det er gratis!

Ved Haram frivilligsentral er det ein utstyrsbase som inneheld mellom anna:

  • Redningsvestar
  • Flytevestar
  • SUP-brett
  • Diskgolf-sett
  • Bordtennisutstyr
  • Ski, skisko og stavar
  • Skeisser
  • Truger 
  • Bålpanne m/kokeutstyr
  • 3-mannstelt 
  • Popup-telt 
  • Lavvo
  • Sitte- og liggeunderlag
  • Stormkjøkken

Vanleg lånetid er inntil ei veke, innleveringsdato blir avtala ved utlån.  

Korleis låner eg utstyr frå utstyrsbasen?

For å låne/sjekke tilgjengeleg utstyr, ta kontakt med innbyggarservice på telefon 70 20 75 00  eller e-post innbyggarservice@haram.kommune.no.

Utstyret kan hentast etter avtale i opningstida som er måndag-fredag kl 09.00-14.30.

Eksterne aktørar 

Sunnmøre friluftsråd 

Friluftsrådet låner ut utstyr til frivillige lag og organisasjonar, skular, SFO og barnehagar. Dette er noko av utstyret dei har til utlån:  

  • Turspader 
  • Snøformingssett 
  • Truger 
  • Lavvoar 
  • Diskgolf 
  • Turkjøkken 
  • Orientering (kompass og postar) 
  • Kajakk (kompetansekrav for lån) 

På nettsida til Friluftsrådet ser du kva utstyr som er tilgjengeleg og korleis dette kan bestillast   

DNT Sunnmøre 

Som medlem av turistforeningen kan du låne friluftsutstyr gratis eller for ein liten sum. Leige utstyr frå Turistforeningen.