Følgekort (ledsagerbevis)

Har du fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting kan du med eit følgekort (ledsagerbevis) ta med deg ein person utan ekstra kostnad på offentlege kultur- og fritidsarrangement og på transportmiddel der ordninga blir akseptert.

Kven kan få følgekort?

  • Har du ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting som varer minimum 2 år, kan du få følgekort.
  • Følgekort blir tildelt uavhengig av søkar sin økonomi eller livssituasjon.
  • Det er inga øvre eller nedre aldersgrense.

Formål

Formålet med ordninga er å førebygge isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ei funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følge for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgekortet kunne ha med seg eit følge, utan at den personen treng å betale for billetten. 

Korleis bruke følgekortet?

  • Det er kun følgepersonen som får rabatt eller gratisbillettar. Den som eig eit følgekort betaler sjølv. 
  • Korthaldar vel sjølv følgepersonen sin, og kan ha ulike følgepersonar frå gong til gong.
  • Det er den enkelte arrangør som bestemmer kva rabatt dei ønsker å gi. 

Ordninga er landsdekkande, og du kan nytte følgespersonbeviset på tvers av kommunegrenser. Her er nokre eksempel på kvar kortet kan brukast: 

Pris

Det er gratis å få følgekort. Mistar du kortet, må du betale ein eigendel for å få laga eit nytt.

Slik søker du 

Søk følgekort/ledsagerbevis 

Dette må du legge ved søknaden: 

  • Eit bilete av nyare dato og god kvalitet må leggast ved søknaden.
  • Uttale frå lege eller helsepersonell på at du har behov for følge for å kunne delta på aktivitetar.

Det er ingen søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

For barn vil kortet normalt bli utstedt for 3 år i gongen. For vaksne vil kortet normalt bli utstedt for minimum 2 år i gongen. Ønsker du å fornye følgekortet ditt sender du inn ny søknad.