Tilgjengeleggjering av postlista (offentleg journal)
Av omsyn til kvaliteten så vil det normalt gå tre arbeidsdagar frå dokumenta er registrert (journalført) i kommunen sitt sak- og arkivsystem, til korrespondansen blir publisert på postlistene.
Innhald i postlista
På postlista kan du søke korrespondanse i politiske møte og saksdokument, saksarkivet, tilsettingssaker, landbrukssaker og vatn og avløp. I tillegg kan du også søke på plan- og byggesaker, delesaker og saker om seksjonering.
Dokument som er publisert på postlistene
Dokument som er gjort tilgjengeleg på postlista er plan- og byggesaker og møteplan og dokument for politiske saker. Desse dokumenta er gjort tilgjengeleg på internett sidan det er mykje offentleg interesse rundt desse sakene.
Korrespondanse som ikkje er publisert på postlistene
Personalsaker, elevsaker, barnehagesaker, innkrevingssaker, sensitive saker, pasient- og klientsaker er saksområder som ikkje er publisert på postlista. Eventuelle krav om innsyn kan du rette til kommunen. Partsinnsyn er heimla i «forvaltningsloven» § 18.
Gå til postlista til Haram kommune