Avslag på innsyn - kva gjer eg?

Du kan klage over avslag på innsyn, fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er kome fram til vedkommande part. Du kan klage både på delvis eller fullt avslag på innsyn i dokument, eller om dokumentet er sladda. 

Eventuell klage skal du sende til Haram kommune innan klagefristen. Haram kommune handsamar klagen først, og vidaresender klagen til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal dersom vedtak om avslag står ved lag frå kommuna si side. Eventuell klage skal du sende til Haram kommune.