Haram kommune blir til

Haram kommune blei etablert 1.1.2024. Då hadde kommunen vore ein del av Ålesund kommune sidan 1.1.2020.

I samband med kommunereformen i 2020 blei kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund slått saman.

Tidligare Haram kommune blei tvangssamanslått av Stortinget i 2017. I neste stortingsperiode blei det vedtatt at kommunar og fylkeskommunar som blei tvangssamanslått kunne søke om deling. 

Innbyggarforslag om kommunedeling

Innbyggarforslag med krav om folkerøysting i kommunedelen Haram levert 21. oktober 2021. Målet var å få oppheva Stortinget sitt vedtak om tvangssamanslåing. 

Ålesund kommunestyre vedtok 25. november 2021 å gjennomføre folkerøysting i Haram kommunedel. Det blei også bestemt å foreta ei opinionsundersøking i heile kommunen, samt å lage ei konsekvensutgreiing.

Oppløysing og grensejustering

Ålesund kommune gjennomførte folkerøysting i Haram kommunedel med førehandsstemming i perioden 24. februar til 1. mars og valdag torsdag 3. mars.

Valresultatet: 3 642 (71,75%) ønska Haram utskilt som eigen kommune, medan 1 434 (28,25%) ønska at Haram framleis skulle vere ein del av Ålesund kommune.

Stortingsvedtak om kommunedeling

Stortinget vedtok 16. juni 2022 at Ålesund kommune skal delast opp og at det frå 1. januar 2024 skal etablerast to nye kommunar, Ålesund og Haram, med dei same grensene som før kommunesamanslåinga 1. januar 2020. 

Kommunedeling og bygging

Hausten 2022 starta arbeidet med å skille Haram ut av Ålesund kommune. Det blei tilsett prosjektleiarar og ny kommunedirektør for Haram. 

Det blei vedtatt administrativ og politisk styringsstruktur. 

Tilsette blei innplassert i dei to nye kommunane.

Val vart avvikla og i oktober 2023 blei det konstituert kommunestyre i dei to nye kommunane Haram og Ålesund.

Etablering av Haram kommune

Etablering av Haram kommune 1.1.2024.