Grafisk profil

Verdiane og profilen til kommunen må kome godt fram i all kommunikasjon, slik at ein aldri er i tvil om at dette er Haram kommune. 

Haram kommune skal framstå som ein open og folkeleg kommune. Kommunen tek vare på sine eigne, og dette skal visast igjen i profileringa.

Kommunevåpen

Vårt kommunevåpen vart vedteke i 1987 i gamle Haram og er vidareført til nye Haram.

Motivet syner ei deling av blått og sølv med omsnudd bogesnitt med tre bogar, og symboliserer sjøen som arbeidsplass og bindeledd.

Kommunevåpenet skal primært brukast i farge. Der er to versjonar av våpenet. Ein liggande og ein ståande. Det anbefalast å primært bruke den liggande versjonen for så å bruke den ståande på stadar der det ikkje er plass for den liggande. 

Last ned kommunevåpenet, liggande versjon (PNG, 6 kB)  

Last ned kommunevåpenet, ståande versjon (PNG, 8 kB)