Nyttig informasjon når du søkjer jobb

Vurderer du å søkje jobb hos oss? Så kjekt! På denne sida finn du nyttig informasjon.

Våre ledige stillingar

Du finn alle ledige stillingar på webcruiter.com. 

Slik søker du

Hos oss leverer du jobbsøknaden digitalt på webcruiter.com.

Sjå brukarrettleiing frå Webrecruiter.

Registrere CV 

Du kan registrere CVen din sjølv om det ikkje er ei ledig stilling du vil søkje på akkurat no. Då er du klar når det kjem ei ledig stilling du vil søkje på.  

Vil du ha e-post om relevante stillingar? Logg deg inn i Webcruiter, opprett søk, huk av for "Send e-postvarsling". Neste gong det kjem ei stilling som passar søket ditt, vil du få ein e-post. 

Hugs å laste opp gyldige vitnemål, karakterutskrifter og attestar som vedlegg til CVen din.

Vi tek dessverre ikkje imot opne søknader.

Offentleg søkjarliste 

Haram kommune  er forplikta til å publisere ei offentleg søkjarliste på postlista til kommunen ved utløpet av søknadsfristen. Denne inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, bustadkommune.  

Du kan be om unntatt offentligheit, men då må du grunngi dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Det skal vere tungtvegande grunnar for å gjere unntak for ein søkjar frå offentleg søkjarliste.  Kan ikkje kommunen imøtekome ønsket, vil du bli varsla før søkerlista blir ferdigstilt.

Politiattest, autorisasjon og eigenerklæringsskjema  

For nokre stillingar (i skule, barnehage, helse- og sosialtenesta) blir det stilt krav til godkjent politiattest / tuberkulinprøve / undersøking for meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA). Dette skal ikkje følge søknaden, men leggast fram dersom du får tilbod om stilling, og aksepterer tilbodet.Vi oppgir dette i stillingsannonsen og i intervju.  

Politiattest  

Attesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader ved tiltreding. Du kan ikkje søkje om politiattest før du har fått tilbod om ei stilling. Du må levere eller vise fram ein gyldig politiattest til leiar før du byrjar i stillinga.  

Informasjon om politiattest finn på på politiet.no.

Autorisasjon for helsepersonell 

Helsepersonell med krav om norsk autorisasjon må sjølv søkje om autorisasjon til Statens autorisasjonskontor for helsepersonell. Autorisasjonskontoret kan innvilge lisens som gir eit avgrensa høve til å arbeide som helsepersonell i ein kortare periode i påvente av norsk autorisasjon. Du kan likevel ikkje starte i stillinga før du har dokumentert at du har ein autorisasjon.  

Eigenerklæringsskjema tuberkulose/MRSA 

Egenerklæringsskjemaet blir sendt ut saman med arbeidskontrakten. Dette skjemaet må du fylle ut og levere til leiar før du byrjar i stillinga. 

Godkjenning av kompetanse

Arbeidssøkarar, både norske og utanlandske, som har utdanning frå utlandet, må legge ved ei godkjenning frå NOKUT i søknaden sin.

I enkelte yrke krevjast det ein autorisasjon føretatt av ei offentleg myndigheit for at du skal få jobb i Noreg (for eksempel lærar eller sjukepleiar). Statens autorisasjonskontor for helsepersonell er ei eining under Helsedirektoratet og gir slik profesjonsgodkjenning for helsepersonell.

Utanlandske arbeidstakarar 

Utanlandske statsborgarar som skal arbeide i Noreg må vanlegvis ha opphaldsløyve. Sjå www.udi.no for meir informasjon.  

På nettsida til Senter for utanlandske arbeidstakarar (www.sua.no) finn du nyttig informasjon frå Politiet, Skatteetaten og Arbeidstilsynet om kva du treng for å jobbe i Noreg.  

On the website Service Centre for Foreign Workers (www.sua.no) you will find all the information you need to work in Norway.