Praktisk bistand

Praktisk bistand er eit tilbod til personar som er avhengig av praktisk hjelp til å utføre daglege gjeremål i kvardagen for å kunne klare å bu heime lengst mogleg.

Kven kan få tilbodet?

Praktisk bistand kan tildelast personar som har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker. Er behovet for hjelp av midlertidig art, vil målsettinga vere at brukaren etter kvart skal kunne klare meir sjølv.

Kva tilbyr vi?

Tenesta praktisk bistand kan tildelast etter søknad og ei fagleg vurdering av behov.

I vurderinga av behovet for hjelp tek vi omsyn til:

  • Dine eigne moglegheiter for å klare eller ta del i oppgåvene.
  • Om det er ein ektefelle, familie eller andre som kan ivareta, eller ta del i oppgåvene.
  • Om det fører til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje blir gitt.

Slik søker du

Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester. 
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.

Last ned og fyll ut skjemaet under
Skjemaet skal signerast og sendast til
Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg

Søk om helse- og omsorgstenester

 

Pris

Du betaler for tenesta praktisk bistand.

Sjå prisane for heimebaserte tenester i Haram kommune.