Kven kan få tilbodet?
Heimesjukepleien skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at pasienten skal vere mest mogleg sjølvhjelpt. Tilbodet omfattar difor informasjon, støtte og rettleiing. Heimesjukepleien si oppgåve er å legge til rette for eiga meistring, og å hjelpe til med det pasienten ikkje meistrar sjølv.
Kva tilbyr vi?
Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til personar som bur heime og som er avhengig av hjelp innanfor følgjande område:
- nødvendig pleie og omsorg
- hjelp til medisinar/injeksjonar
- sårbehandling
- tilsyn og observasjonar
- opplæring og rettleiing
- omsorg ved livets slutt
Slik søker du
Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester.
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.
- Last ned og fyll ut skjemaet under
- Skjemaet skal signerast og sendast til
Haram kommune, Koordinering og tildeling, Postboks 33, 6282 Brattvåg
Søk om helse- og omsorgstenester
Kva kostar det?
Tenestetilbodet er gratis.
Kontaktinformasjon