Kva er brukarstyrt personleg assistanse?
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein måte å organisere den praktiske bistanden på, som skal gi deg som har eit stort hjelpebehov større fridom, og høve til å styre tenesta og kvardagen din sjølv.
Du bestemmer sjølv kven du vil ha som assistent, kva assistenten skal gjere, og når assistenten skal vere hos deg. Familie og andre nærståande av arbeidsleiar skal generelt ikkje tilsetjast som arbeidstakarar. Oppdragsgiver kan likevel i det enkelte tilfellet skriftleg tillate bruk av familie og andre nærståande. Leverandør skal hjelpe arbeidsleiar med å skaffe nødvendig vikar.
Kva tilbyr vi?
Praktisk hjelp og bistand til dømes til påkledning, hygiene og mat.
Tenester som krev medisinsk kompetanse, skal normalt ikkje inngå i oppgåvene. Det går godt an å kombinere ulike tenester når det gir den mest formålstenlege hjelpa. Brukarstyrt personleg assistent kan kombinerast med til dømes natteneste eller bistand frå sjukepleiar.
Kven kan få tilbodet?
Du har rett til å få tenestene dine organisert gjennom BPA dersom du
- er under 67 år.
- har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse.
- har eit stort behov for ordninga.
- har eigeninnsikt og ibuande ressursar til eit aktivt liv både i og utanfor heimen.
Små barn vil vere heilt ute av stand til å utøve brukarstyring sjølv, og må representerast av foreldre eller verje. Tilsvarande må vanlegvis også personar over 18 år som har omfattande kognitiv funksjonsnedsetjing og som blir fullt ut representert av verje når det gjeld brukarstyringa.
Du søkjer om BPA ved å sende inn ein generell søknad om helse – og omsorgstenester. I søknaden beskriv du kva du treng hjelp til. Tildelingskontoret vurderer saman med deg om BPA eller andre tenester som heimehjelp, støttekontakt, rettleiarteneste for busetting eller anna kan passe.
Slik søker du
Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester.
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.
- Last ned og fyll ut skjemaet under
- Skjemaet skal signerast og sendast til
Haram kommune, Koordinering og tildeling, Postboks 33, 6282 Brattvåg
Søk om helse- og omsorgstenester