Når du søkjer om helse - og omsorgstenester vurderer Koordinering og tildeling, saman med deg, kva tenester du har behov for. Du fyller derfor ut ein generell søknad, der du blir bede om å beskrive situasjonen din og kva du treng hjelp med.
Kva hjelp kan du få?
- Heimesjukepleie, praktisk bistand, miljøteneste
- Sjukeheimsplass / heildøgnsbemanna bolig / dagsenter for eldre
- Brukerstyrt personleg assistanse
- Omsorgsstønad
- Støttekontakt og avlasting
- Tekniske hjelpemiddel / tryggleiksalarm / velferdsteknologi
- Tilrettelagt bustad
Slik søkjer du
I søknadsskjemaet beskriv du behova dine, og kva du treng hjelp til.
Nokre gonger treng vi informasjon om deg som er teiepliktig, frå til dømes fastlege, helsepersonell eller andre for å kunne vurdere søknaden. I søknaden kan du velje å samtykkje til dette.
Søkje på vegne av nokon andre?
Skjemaet er digitalt og krev at du loggar inn med BankId.
Dersom du søkjer på vegne av ein annan, må du krysse av for det i skjemaet. Du må også ha ei skriftleg fullmakt frå den du søkjer på vegne av. Den kan du laste opp i søknaden.
Søk om helse- og omsorgstenester
Svar på søknad
Vi tek kontakt med deg etter at vi har mottatt ein søknad, og vi vil i samarbeid med deg finne ut kva hjelpetilbod du har behov for. I nokre tilfelle kjem vi heim til deg for å finne dei beste løysingane. Tenesta blir tildelt etter ei fagleg vurdering. Vi har teieplikt og behandlar alle søknadar og personlege opplysningar konfidensielt.
Klage på helse- og omsorgstenester
Du kan klage på alle vedtak. Koordinering og tildeling kan hjelpe deg med å utforme klaga di. Klagefristen vil variere for dei ulike tilboda våre. I svaret får du og informasjon om korleis du klagar og klagefrist.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Koordinering og tildeling eller Innbyggarservice for rettleiing og hjelp til søknaden.