Klage på helse- og omsorgstenester

Slik klagar du dersom du ikkje får nødvendig hjelp frå helse- og omsorgstenesta i kommunen der du bur, eller oppheld deg.

Kva kan du klage på?

  • at du ikkje har fått den tenesta du ønsker
  • forhold ved tenesta du ikkje er fornøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • saksbehandlinga

Klage på vedtaket

Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette blir kalla ein rettsklage.

Ein rettsklage skal sendast skriftleg til Koordinering og tildeling i Haram kommune. Dei tilsette der går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Blir ikkje vedtaket endra, sender dei automatisk klagen vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som avgjer saka.

  • Fristen for å klage er 4 veker frå du fekk vite om vedtaket.
  • Klagen må vere skriftleg, grunngitt og underteikna. Du kan nytte klageskjema eller skrive eit brev.

Klage på tenesta

Dersom du er misfornøgd med ei helseteneste du får, til dømes ved sjukeheim, bør du først vende deg munnleg eller skriftleg til leiinga ved sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du er misfornøgd med og kva du ønsker endra.

Når dei som utfører tenesta mottek klagen di, må dei undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Fører ikkje klagen fram, må du sjølv sende ein skriftleg klage til Statsforvaltaren som gjer ei vurdering av saka.

Slik kontaktar du Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Les meir om korleis klage til Statsforvaltaren

Hjelp til å klage

Treng du hjelp til å klage, kan Koordinering og tildeling hjelpe deg. Du kan også få råd av Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal. Dei veit kva du har krav på og korleis du går fram for å klage.

Klageskjema

I klagen må det stå kva du klagar på, og det bør kome fram opplysningar som er av betyding for behandling av klagen. 

Etter at du har fylt ut klageskjemaet må du skrive det ut og sende det per post til

Haram kommune
Postboks 33
6282 Brattvåg

Merk klagen med namnet på den avdelinga/tenesta som har gjort vedtaket eller avgjerda du ønsker å klage på.

Gå til skjema for klage på kommunale helse- og omsorgstenester

Lenker

Kontakt oss