Det er utarbeidd ein rettleiar til bruk ved bekymring for radikalisering og utvikling av valdeleg ekstremisme. Rettleiaren vart laga i Ålesund kommune i 2022, og er seinare tilpassa Haram kommune.
Dokumentet er meint for å gi informasjon om korleis ein kan møte, førebygge og følge opp radikalisering og valdeleg ekstremisme. Rettleiaren skildrar ei handlingsløype frå bekymring til handling, frå dei lokale og relativt enkle tiltaka, til tyngre innsats i tverrfagleg samarbeid med relevante aktørarar. Den skal gjere det enklare å gje rask respons når utfordringar oppstår.
Målgruppe
Målgruppa er tilsette i skulen, barnevernet, politiet, helsevesenet, kultur og fritid m.m. Rettleiaren rettar seg primært mot aktørar i førstelina, men også sivilsamfunnet. Det kan vere føresette, familiemedlemmar, vener, naboar, kollegaer og/eller nokon i foreiningar, meiningheten eller fritidsarenaen som er bekymra for aukande grad av radikalisering hos eit barn eller ein ungdom/ vaksen.
Kva gjer eg ved bekymring?
Dersom du er bekymra for at ein person er i ein radikaliseringsprosess, er det ei rekke ressursar og instansar du kan støtte deg til i kommunen og hos lokalt politi. Det skal vere ein låg terskel for varsling ved bekymring. I rettleiaren finn du forslag til handtering, både som privatperson og som tilsett.
Gå til rettleiar ved bekymring for radikalisering og utvikling av valdeleg ekstremisme (PDF, 847 kB)