Har du problem med rusmiddel eller annan avhengighetsproblematikk kan du få råd, rettleiing og/eller støttesamtalar med rusmedarbeidar i kommunen.
Den overordna målsetjinga for rustenesta er å legge til rette tiltak for ei vellykka rehabilitering, ut i frå kvar enkelt sine føresetnader, ønske og mål, og bidra til å halde oppe eller vinne tilbake størst mogleg grad av eigenmeistring.
Kven kan få hjelp?
Oppfølgingstenesta innan rus/ROP (rus og psykiske vanskar) er eit frivillig lavterskeltilbod til personar over 18 år med rus og eventuelle psykiske vanskar, som har behov for oppfølging.
Kva kan eg få hjelp til?
Vi jobbar saman med deg for å finne ut kva som kan gjerast for å legge til rette for dei endringane du har behov for. Vi ønsker å gi deg gode verktøy for å meistre utfordringane du står i. Målsettinga er å gi støtte som fremjar god livskvalitet og hjelp til å meistre eigen kvardag.
Tenesta har som oppgåver;
- å jobbe med skadereduserande tiltak
- koordinering av tenestetiltak
- tilby samtalar
- heimebesøk
- utlevering av brukerutstyr
- tilbod om fysisk aktivitet
Tenesta har miljøterapeutar med kompetanse innan rusproblematikk og samtidig rus/psykiske vanskar, samt ein erfaringskonsulent med erfaring innan rus.
- Ved fare for liv og helse ring medisinsk nødnummer 113.
- Ring 116 117 for å kontakte legevakt. Det er gratis å ringe. Legevakta vil helst at du ringer før du kjem.
Slik søker du
Du kan ta direkte kontakt med rustenesta på telefon 47 66 87 49 eller 90 71 87 98.
Lege eller spesialisthelsetenesta kan også bistå deg med å ta kontakt med oss.
Vil du vite meir?