Psykisk helseteneste for vaksne

Psykisk helseteneste for vaksne er eit gratis tilbod for deg over 18 år som har, eller står i fare for å få, psykiske vanskar. 

Målet er å gi støtte og hjelp til å meistre kvardagen og styrke den psykiske helsa. Tilbodet blir tilpassa dine behov og utforma i samarbeid med deg. 

Kven er vi? 

Vi er eit tverrfagleg team med helse- og sosialfagleg kompetanse. Vi samarbeider med andre instansar når det er hensiktsmessig, som t.d fastlege, helsestasjon og spesialisthelsetenesta.

Vi nyttar journalsystemet Helseplattformen som er ein felles pasientjournal for helsetenester i Midt-Noreg. Som helsepersonell har vi teieplikt. 

Dette kan du få hjelp til 

Vi tilbyr:

  • Individuelle og endringsfokuserte samtalar på dagtid. Tilbodet er kontorbasert. Heimebesøk etter avtale.  
  • Samarbeid med pårørande og nettverk
  • Koordinering av Individuell Plan og kontakt med andre instansar
  • Oppfølging ved livskriser (inntil 4–6 behandlingstimar)
  • Psykoedukasjon – kunnskap om korleis psykiske lidingar og kriser kan påverke oss
  • Hjelp til struktur og planlegging i kvardagen 

Kven kan få tilbodet?

Tenesta er for alle vaksne over 18 år som bur i kommunen. Tilbodet er gratis. 

Slik tar du kontakt 

Ønsker du hjelp frå psykisk helseteam? Då er du velkomen til å ta kontakt med oss anten på telefon eller via kontaktskjemaet vårt, så finn vi ut av det saman.  

Telefon

Vi har telefontid  måndagar mellom klokka 10.00 og 12.00, då kan du nå oss på telefonnummer 90 81 10 06.

Kontaktskjema

Kontaktskjemaet må skrivast ut og sendast til oss per post:

Haram kommune
Psykisk helse og rus
Postboks 33, 6270 Brattvåg

Ved behov kan du også hente og levere inn skjemaet hos innbyggarservice på Haram tenestehus

Gå til kontaktskjema for psykisk helseteam

Ved behov for akutt hjelp 

Har du behov for akutt hjelp eller har du tankar om å ta livet ditt?

  • Legevakt: Ring 116 117
  • Fastlegen din: Ta kontakt på dagtid for akutt-time
  • Andre nyttige hjelpetelefonar:

Hjelp til sjølvhjelp - akuelle kurs og ressursar

Her har vi samla ei oversikt over ulike sjølvhjelpsverktøy. Alle tilboda er gratis og du treng ikkje registerere deg for å bruke dei.