Haram er ein Av-og-til-kommune

Saman med alkovettorganisasjonen Av-og-til jobbar vi for å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og gjere kvardagen tryggare for alle.

Saman jobber vi for godt alkovett i situasjonar der alkohol utgjer ein risiko, eller kan vere til ulempe for ein sjølv og andre. Alkovett handlar om å ha eit reflektert forhold til alkoholvanane sine, og om å tenke gjennom om ein skal drikke og kor mykje ein skal drikke i ulike situasjonar.

Alkohol er det rusmiddelet som forårsakar mest helseskade i Noreg. Alkoholbruk kostar samfunnet opp mot 100 milliardar kroner i året gjennom tapt helse og livskvalitet, sjukefråvær og kostnader til helse- og velferdstenester. 

Av-og-til samarbeider med kommunar over heile landet for å bidra til å redusere dei negative følgene av alkoholbruk i samfunnet og gjere kvardagen tryggare for alle.

Kva er Av-og-til?

Av-og-til blei etablert på Stortinget i 1981 under namnet AlkoKutt og har sidan den gong vore ein brei og samlande aktør på førebyggingsfeltet på tvers av både politiske og andre skiljelinjer. 

Bak Av-og-til står breidda av det frivillige Noreg, mellom anna frivillige organisasjonar, politiske parti og organisasjonar innanfor rus- og førebyggingsfeltet. Les meir på nettstaden avogtil.no.

Av-og-til er finansiert via Helsedirektoratet, mellom anna for å hjelpe norske kommunar med alkoholførebygging. Av-og-til nyttar ein førebyggingsmetode som vi i kommunen tilpassar etter våre behov, ønske og idear.  

Alkovett og tema

Kontakt oss gjerne

Vil du vere med å støtte opp om lokal alkoholførebygging? Alkoholførebygging er viktig, anten vi snakkar om trafikken, på sjøen, på sosiale møteplassar, i idrettsklubben, på arbeidsplassen eller på arenaer der barn og unge ferdast. Vil du vite mier om arbeidet, ta gjerne kontakt!