Aktivitetstilbodet Oasen

Oasen er eit tilbod om sosialt fellesskap og aktivitet for personar som opplever å ha psykiske vanskar. 

Oasen er ein sosial møteplass for personar over 18 år, som har/har hatt psykiske vanskar og som har lyst å vere saman med andre.

Her møtest vi i ein trygg og open atmosfære, og driv ulike aktivitetar med rom for bruk av eigne ressursar. Vi har planar for kvar dag der vi mellom anna:

  • Lagar eit felles måltid saman
  • Har varierte hobbyaktivitetar både inne og ute
  • Drar på turar 

Vil du vere med? Ta kontakt med avdelingsleiar Anita Lianes på e-post:
Anita.Lianes@haram.kommune.no