Meistringskurs for pasientar og pårørande

"FRAMOVER"  er eit kurs for vaksne med langvarig eller kronisk fysisk sjukdom og deira pårørande.

Helseutfordringar ved kronisk fysisk sjukdom eller skade kan føre til store endringar i kvardagslivet. 

Ålesund kommune har saman med Helse Møre og Romsdal, ved Lærings- og mestringssenteret (LMS), utvikla eit to dagers diagnoseuavhengig meistringskurs. I kurset vender ein merksemda bort frå sjølve sjukdommen og til det å handtere situasjonen og skape ein best mogleg kvardag.

Kurset er gratis.

Tid og stad

  • Neste kursdatoar: 
    Tirsdag 20. mai og tirsdag 27. mai 2025, klokka 16.30-19.00
    (Du kan også ta kontakt for informasjon om andre kursdatoar, det er fleire kurs i året.)
  • Stad: Lavblokka ved Ålesund rådhus.

Innhald i kurset

  • Identifisering av utfordringar og korleis dei påverkar kvardagen
  • Kroppslege endringar, synlege og usynlege plager, psykisk helse
  • Kommunikasjon, roller og samliv
  • Kvardagsmeistring med kognitive meistringsverktøy
  • Refleksjon og erfaringsdeling

Påmelding og informasjon

Vil du melde deg på eller vite meir? Ta kontakt med Ålesund kommune ved