Transportordning (TT-kort)

Menneske med nedsett funksjonsevne som ikkje kan reise med kollektiv transport, kan søke om TT-kort for økonomisk støtte til drosje ved fritidsreiser.

Transporttenesta for funksjonshemma er ei fylkeskommunal ordning, der oppgåva med å behandle søknadane, samt innmelding og utmelding av brukarar er gitt til kommunane. Retningslinjene blir vedtatt av Samferdselsutvalget i Møre og Romsdal. 

Du kan lese meir om ordninga på Fylkeskommunen sine sider:
Møre og Romsdal fylkeskommune - TT-ordninga

Kven kan få tilbodet?

  • Personer som grunna si funksjonshemming er varig forflytningshemma og derfor har vanskar med å reise kollektivt, kan søke om TT-kort. 
  • Funksjonshemminga må vare i minst 1 år for at søkarern skal bli godkjent som TT-brukar.
  • Rullestolbrukarar og blinde har førsteprioritet.
  • Retningsgivande alder nedover er 10 år. Det er ikkje noko øvre aldersgrense.
  • Manglande busstilbod eller lang avstand til busshaldeplass gir ikkje rett til TT-kort.

Kva får du?

Godkjente brukarar får eit kort som skal nyttast som betalingsmiddel ved bruk av drosje. Kortet blir lasta opp med eit kronebeløp, ut frå satsar som er bestemt av Samferdselsutvalget i Fylket.
Opplasting tildelt beløp på kort skjer 1. januar og 1. juli kvart år.

Kva kan du bruke kortet til?

TT-kortet skal kun brukast til fritidsreiser.

Du skal ikkje bruke TT-kortet til:

  • Sjuketransport.
  • Legebesøk.
  • Andre reiser som blir dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter.

Slik søker du


Ferdig utfylte skjema kan også leverast til innbyggarservice på Haram tenestehus.

Ta kontakt med tildelingskontoret for helse- og omsorgstenester eller med innbyggarservice i Haram kommune på telefon 70 20 75 00 for meir informasjon og hjelp til å søke.

Merk

På grunn av innføring av dei nye retningslinjene hos Møre og Romsdal fylkeskommune, vil vi ha litt lengre saksbehandlingstid enn vanleg. Du kan difor ikkje vente svar på søknaden din før i november.

Fylkestinget har også vedtatt at TT-budsjettet frå og med 2024 vert redusert frå 15 millionar kroner til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av vedtaket må talet på brukarar i ordninga reduserast, og fleire enn tidlegare vil difor kunne oppleve å få avslag på søknaden sin.

Pris

Det er gratis å bli med i ordninga. Ved tap av kort kan ein få tilsendt eit nytt mot å betale kr 40,-.  Denne summen blir trekt frå det tildelte beløpet. 

Frå og med 1. januar 2024 må du betale ein eigendel på kr. 40,- per tur. Eigendelen kan ikkje trekkast frå kortet, den skal betalast separat.

Klage

Eventuell klage skal rettast til Haram kommune og blir behandla av kommunalt klageorgan. Klagefristane er 3 veker frå vedtaket er mottatt, jfr. forvaltningslova §29.

Informasjonsskriv om nye retningslinjer (Møre og Romsdal fylkeskommune) (PDF, 315 kB)