Kven kan få hjelp av logoped?
Logopedtilbodet er for deg som har behov for oppfølging og behandling på grunn av sjukdom, skade eller funksjonsnedsetjing som har ført til ulike former for kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar, språk- og talevanskar, taleflytvanskar eller svelgjevanskar. Logopeden kartlegg, rettleier, behandlar og utarbeider eit individuelt tilpassa opplegg etter ditt behov.
Logopeden samarbeider tett med andre kommunale tenester som fysioterapitenesta, ergoterapitenesta, heimesjukepleia, fastlege, helsefremjande tenester og andre.
Kva slags hjelp kan vaksne få av logoped?
Vi har eineundervisning og gruppeundervisning i emner som:
- Språk- og talevanskar
- Stemmevanskar
- Taleflytvanskar
- Munnmotorisk trening
- Logopedi ved nevrologiske sjukdommar
- Opplæring i teikn som støtte for tale
- Lyttetrening etter CI
Korleis få logopedhjelp for vaksne?
Du kan få logopedtilbod hos oss etter tilvising frå sjukehuset og i nokre tilfelle frå fastlege eller ved eigen søknad.
Ta kontakt med oss for søknad om tenesta.
Kor lang tid tar det å få svar på søknaden?
Vi har løpande inntak på vaksne med behov for logopedoppfølging
Kontakt oss