Har du ei langvarig og vesentleg funksjonsnedsetting (over to år) kan du låne hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal.
Kva kan du låne?
Det finst eit stort utval av hjelpemidler. NAV har fleire nettsider med informasjon:
Behandlingshjelpemiddel
Behandlingshjelpemiddel er medisinsk, teknisk utstyr som blir brukt i samband med medisinsk behandling utanfor sjukehus. Døme på slikt utstyr er ortoser, oksygenutstyr, respirator, forstøvarapparat, ernæringspumpe, infusjonspumpe, C-PAP m.m.
Behandlingshjelpemiddel blir ikkje formidla av NAV Hjelpemiddelsentral, men av Regional eining for behandlingshjelpemiddel ved St. Olavs hospital i Trondheim. Behandlingshjelpemiddel blir rekna som ein del av spesialisthelsetenesta.
Les meir og søk på behandlingshjelpemidler.no
Kontaktinformasjon til Regional eining for behandlingshjelpemiddel Trondheim
Slik låner du
Når du eller nokon av dine næraste får behov for eit hjelpemiddel, ta kontakt med kommunehelsetenesta der du/dei bur. Vanlegvis er det heimetenesta, ein ergoterapeut, fysioterapeut, PP-tenesta eller legen din som hjelper deg med å søke.
Dersom du treng hjelpemiddel på arbeidsplassen, tek du kontakt med arbeidsgivaren eller bedriftshelsetenesta.
NAV lokalt kan óg hjelpe til, dersom du er i eit attføringsopplegg. Sjå korleis søke om hjelpemiddel frå NAV.
NAV Hjelpemiddelsentral behandler søknaden. Status på saka finn du på Ditt NAV (krever innlogging).
Kva kostar det?
Til vanleg blir det ikkje gitt støtte til hjelpemiddel som finst i vanleg handel, dette må du kjøpe sjølv. I nokre tilfelle kan du få støtte til ekstrautstyr, eller nødvendig tilpassing for å kunne ta hjelpemiddelet i bruk.
Husbanken kan gi tilskot og lån til utbetring av bustad.