Haram kommune arbeider med å tilpasse og utvikle tenestene, til ei framtid der stadig fleire av innbyggarane har behov for samansette tenester.
Dette gjer det nødvendig å tenke nytt og innovativt, både av innbyggarane og av kommunen:
- Innbyggarane bør sjølve reflektere rundt eigen situasjon og eventuelle framtidige helseutfordringar. Korleis kan ein legge til rette for ein sjølvstendig kvardag i eigen bustad, lengst mogleg?
- Kommunen skal passe på at ressursane blir brukt til å gi omsorg og ikkje til oppgåver som kan gjerast meir effektivt ved hjelp av teknologi og digitale løysingar.
Kva er helse- og meistringsteknologi?
Teknologi er ein naturleg del av folk sin kvardag. Vi brukar kalenderfunksjon på mobilen for å organisere dagane, investerer i klokker for å måle puls og søvn, har robotstøvsugarar og teknologi i huset som kan styre lys, varme og mykje meir.
Helse- og meistringsteknologi, også kjent som velferdsteknologi, blir definert som tekniske løysingar som kan vere med på å lette ein person sin eigen kvardag, og bidra til auka tryggleik og livskvalitet.
Helse- og meistringsteknologi kan brukast i heimen din eller på institusjonen der du bur.
Kva teknologiar nyttar Haram kommune?
- Digital tryggleiksalarm med ulike sensorar
- Medisineringsstøtte/medisindispenser
- Digitalt tilsyn
- Lokaliseringsteknologi (GPS)
Kven kan få tenesta?
Alle som har behov for helse-og omsorgstenester kan søke om tenesta.
Kommunen gjer ei individuell kartlegging for å finne dei rette tiltaka for deg. Kartlegginga skjer i nært samarbeid med deg og eventuelt dine pårørande. Velferdsteknologiske tenester blir førstevalet der dette gir tilstrekkeleg hjelp, og fører til minst mogleg endringar.
Korleis få tilbodet?
Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester.
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.
- Last ned og fyll ut skjemaet under
- Skjemaet skal signerast og sendast til
Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg
Søk om helse- og meistringsteknologi
Kva kostar det?
Det er ikkje eigendel for helse- og meistringsteknologiske løysingar. Eventuelle eigendelar vil vere avhengige av statlege føringar.
Sjå KS sin informasjonsvideo om morgondagens omsorg
Om du treng tekst kan du trykke på knappen for teksting i nede til høgre i videobildet.
Vil du vite meir?
Bu trygt heime - tips til korleis du kan legge til rette i eigen bustad