Kva tilbyr vi?
Vi gjer undersøkingar og kartleggingar. Vi tilbyr oppfølging individuelt og i gruppe. Årsak til oppfølging kan variere frå forseinka motorisk utvikling og/eller aktivitetsutfordringar til større og meir samansette vanskar.
Du får tenestene våre der det er mest formålstenleg, anten i lokala våre, i barnehagar, på skular eller i heimen.
Fysioterapeutane tilbyr
- spesialkompetanse om barn og unge og korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar innverkar på helse.
- undersøking og vurdering og eventuell behandling/oppfølging av viste barn.
- rettleiing og trening for barn med funksjonsnedsetjing.
- rettleiing og rådgiving til foreldre, barnehagar og skular om fysisk aktivitet og stimulering av barns rørsleutvikling.
Brosjyre om fysioterapi for barn og unge Norsk Fysioterapeutforbund
Vi samarbeider med fysioterapeutar som har driftstilskot frå kommunen
Ergoterapeutene tilbyr
- vurdering, tilpassing, rådgiving og tilrettelegging for formålstenleg bruk av kroppen i kvardagen, på skulen, i barnehage og på fritida. Til dømes kan vi vurdere handfunksjon/skriftforming, ergonomi, energiøkonomisering, tekniske hjelpemiddel, sansemotoriske vanskar med meir.
- samarbeid med andre faggrupper om tiltak rundt barn med store og samansette behov. Til dømes bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), problematisk skulefråvær med meir.
- planlegging og tilrettelegging av fysiske omgivnader slik at bustad, barnehagar, skular og fritidsareal i størst mogleg grad fremjar høvet barna og unge har til aktivitet og deltaking.
- rettleiing og rådgiving til barn, føresette og andre samarbeidspartnarar.
Norsk Ergoterapeutforbund si nettside
Tverrfagleg samarbeid
Vi er ein del av helsestasjons- og skulehelsetenesta. Vi samarbeider med andre helsepersonell i kommunen og sjukehus, barnehage, skule og andre kommunale tenester som PPT.
Kven kan få tilbodet?
Dei som er mellom 0-18 år. Tenesta gir tilbod etter individuell vurdering.
Korleis få tilbodet?
Føresette eller ungdommen sjølv kan ta kontakt med oss direkte. Andre kan ta kontakt etter avtale med føresette/ungdommen.
Ring sentralbordet på telefon 70 20 75 00, så vil innbyggarservice formidle kontakt med oss.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis fram til du fyller 16 år. Frå 16 år er det eigendel på fysioterapibehandling til du har nådd frikortgrensa.