Fysioterapi for vaksne

Dersom du har skada deg eller av andre grunnar har nedsett fysisk funksjonsevne, kan du få hjelp av ein fysioterapeut. Vi forventar at du deltar aktivt, og at du tar ansvar for å framme eiga helse.

Kven kan få fysioterapi? 

Du må vere over 18 år. Er du under 18 år, kan du få fysioterapi for barn og unge.

Kva kan vi tilby?

Fysioterapeutane sin kjernekompetanse er kropp, bevegelse og funksjon. Dette kan dei hjelpe deg med:

  • Undersøking og vurdering
  • Kartlegging av ressursane og mogelegheitene dine
  • Følge opp måla dine saman med deg i ein tidsavgrensa periode
  • Behandling og spesialisert trening, individuelt eller i grupper
  • Eit målretta tilbod om habilitering eller rehabilitering, om du har behov for det. 
    Dette gjer vi i tett samarbeid med andre faggrupper, som ergoterapeutar og heimetenesta.
  • Råd og rettleiing til deg og eventuelt til støttepersonane dine

Kvar kan vi tilby fysioterapi for vaksne?

Det er dine behov som avgjer kvar vi kan tilby fysioterapi:

  • Ved fysikalske institutt, av fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen. 
    Dette er førstevalet for individuell vurdering og oppfølging av vaksne med behov for fysioterapi. Pasientreise kan rekvirerast ved vurdert behov.
  • I lokala til kommunalt tilsette fysioterapeutar, dersom det er behov for kompetanse og tilbod som ein ikkje kan tilby ved fysikalske institutt. Pasientreise kan rekvirerast etter vurdert behov.
    • Balansegrupper for deg som bruker ganghjelpemiddel, og vil lære øvingar som førebygger fall. Balansegruppene er ved Haramsøy helsehus, Haram Omsorgssenter og Eidet omsorgssenter
    •  Individuell vurdering og oppfølging. Dette kan vi tilby ved Haramsøy helsehus, Haram Omsorgssenter og Eidet omsorgssenter
  • I heimen, dersom dette er avgjerande for nødvendig kartlegging og oppfølging.
    • Kartlegging og trening av evne til å bevege seg i eigen heim
    • Trening og behandling når pasientreise til fysioterapeut er vurdert som uaktuelt grunna helsetilstand. Det er hovudsakleg kommunalt tilsette fysioterapeutar som tilbyr fysioterapi i heimen, men dersom du allereie får oppfølging av ein fysioterapeut ved institutt så tar du kontakt med denne først.
  • Ved korttids- eller langtidsopphald på omsorgssenter, når det er vurdert behov for kartlegging og eventuelt oppfølging av fysioterapeut under opphaldet. Det er kommunalt tilsette fysioterapeutar som utfører dette, etter tilvising frå avedlinga.

Korleis få tenesta?

Fysioterapi ved fysikalske institutt

Ta kontakt med ønska institutt/fysioterapeut.
 Her finn du oversikt over institutt med kontaktinformasjon

Fysioterapi frå kommunalt tilsette fysioterapeutar

For heimebuande pasientar: 

  • Ring sentralbordet på telefon 70 20 75 00, så vil innbyggarservice formidle kontakt-opplysningar og vi ringer tilbake så snart vi kan
  • Ta kontakt gjennom HelsaMi (Helseplattformen)

For pasientar ved korttid- eller langtidsopphald ved omsorgssenter:

  • Ta kontakt med aktuell avdeling, som tilviser til fysioterapi etter vurdert behov. 


Alle henvendingar og tilvisingar til fysioterapi blir gitt prioritet og ventetid ut i frå faglege vurderingar.

Kva kostar det? 

Dersom du går til behandling hos ein fysioterapeut som har driftsavtale med kommunen eller ein kommunalt tilsett fysioterapeut, betalar du eigendel til du har nådd beløpsgrensa for frikort, eigenandelstak 2. Eigendelen følger faste takstar. Vel du å gå til behandling hos ein fysioterapeut utan driftsavtale med kommunen, må du betale full pris.