Ergoterapi for vaksne

Har du vanskar med å utføre dei daglege gjeremåla dine fordi du er sjuk, skadd eller av andre årsaker, kan du få bistand frå ein ergoterapeut.

Ergoterapeutar bidrar til å finne løysningar når det oppstår eit gap mellom helsa di og kravet til kvardagen, og skal gi rettleiing og bistand til personar som har, eller står i fare for å få funksjonsnedsetting. Gjennom tilboda sine kan ergoterapitenesta hjelpe deg til å leve eit så aktivt liv som mogleg.

Kva tilbyr vi?

Ergoterapitenesta kan hjelpe deg med å

  • ta utgangspunkt i kva som er viktig for deg i kvardagen og korleis du ønsker å delta i samfunnet.
  • kartlegge ressursane dine og utfordringar i aktivitetar, gjennom bruk av samtale, observasjon og funksjonsvurdering. Dette skjer gjerne i samarbeid med ein fysioterapeut.
  • støtte under målretta trening i aktivitetar som du ønsker å meistre, og føreslå forenkling og tilpassing av aktivitetar.
  • kartlegge og vurdere behov for tekniske hjelpemiddel slik at du skal kunne meistre daglege aktivitetar, og gi opplæring i bruken av desse.
  • gi råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Dette kan omhandle fallførebygging, trening, energiøkonomisering, tilrettelegging av aktivitet, tekniske hjelpemiddel og omgjevnadar, trykkavlastning og posisjonering.
  • gi råd og rettleiing om korleis bustad og andre arenaer kan bli tilpassa og gjort funksjonelle for deg.
  • samarbeide med andre instansar og samordne tenestetilbodet ut frå ditt behov.
  • gi råd og rettleiing til andre kommunale tenesteinstansar.
  • vurdere velferdsteknologiske løysningar.
  • møte deg i heimen din og andre stader du oppheld deg

Kven kan få tilbodet?

Tenesta er aktuell for personar over 18 år som på grunn av skade, sjukdom eller andre årsaker har vanskar med å utføre daglege aktivitetar.  Dei som har behov for råd, rettleiing eller behandling etter fagleg vurdering frå ergoterapeut.

Merk at det kan vere ventetid for ergoterapitenester.

Korleis få tenesta?

Ring Haram kommune sitt sentralbord på telefon 70 20 75 00, så vil innbyggarservice formidle kontakt med oss.

Pris

Tenesta er gratis. Det kan vere eigenandel på enkelte tilretteleggingar, som til dømes trappeheis og døropnar.