Jordmor

Gravide og partnarar får tilbod om informasjon og rettleiing om svangerskap, fødsel og det å bli foreldre. Vi følgjer dykk frå starten av svangerskapet og til heimebesøket 1-3 dagar etter heimkomst frå barsel. 

Kven er tenesta for

Tenesta er i hovudsak for gravide og deira partner.

Du kan også ta kontakt for samtale i forkant av graviditet og dersom du som kvinne har spørsmål rundt kropp, seksualitet, prevensjon eller kvinnehelse generelt.

Du bestemmer sjølv om du vil ha oppfølging av jordmor eller fastlege i svangerskapet, eller i ein kombinasjon. Du må ha minst éin kontroll hos fastlege for å ta blodprøver og vurdere medisinsk oppfølging. 

Svangerskapskontroll

Som gravid får du tilbod om ni  svangerskapskonsultasjonar. Dette inkluderar fosterdiagnostikk og ultralyd. Bestill første time hos jordmor i veke 6-14 eller når du sjølv kjenner du har behov.

I hovedsak vil konsultasjonane dreie seg om di helse, hvordan du har det, og utviklinga i svangerskapet. Dette gjer vi på ein vanleg kontroll. 

  • Samtale om helse og trivsel. 
  • Jordmor lyttar på hjartelyden til babyen, frå ca veke 15. 
  • Målar veksten til livmora frå veke 24. 
  • Blodtrykk. 
  • Urinprøve. 
  • Vurdere vektoppgang, blodprøver og eventuell hevelse i kroppen. 
  • Undersøking av korleis babyen ligg, frå ca veke 32. 
  • Samtale om babyen og hans/aktiviteten hennar.
  • Vi gir informasjon om aktuelle tema. 
  • Vi snakkar om det du lurer på. 

Dette skjer på svangerskapskontrollane (Helsenorge.no) 

Heimebesøk

Jordmor får melding om at du har født, og kontaktar deg for å tilby heimebesøk.

Dette skjer ved heimebesøk etter fødsel (Helsenorge.no)

Frå hausten 2025 samarbeider vi med barselavdelinga i Ålesund, og tilbyr heimebesøk til dei som ønsker å reise heim innan 48 timar etter fødsel. Vi kjem då heim til deg første dag etter heimkomst og tar nyføddscreening og hørselstest av barnet.

Vil du vite meir? 

Nyttige lenker og apper for deg som er gravid :

 

Kontakte jordmor?