Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod til deg mellom 13-25 år.

Kva kan du få hjelp til? 

Vi kan hjelpe med resept på prevensjon, graviditetstestar, klamydiatestar og underlivsundersøkingar. Vi sender deg vidare til fastlege eller spesialist når det er behov for det. 

Du kan også komme til oss for å snakke om ulike ting, som til dømes: 

  • fysisk og psykisk helse 
  • når matinntaket er eit problem 
  • vanskar heime, på skolen eller med kjæresten 
  • trist og engsteleg 
  • sjølvmordstankar 
  • rus 
  • seksualitet 
  • søvnvanskar

Alle som jobbar på helsestasjon for ungdom har teieplikt. 

Helsestasjon for ungdom (HFU) - Helsenorge 

Korleis få tilbodet 

Du treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp. Av og til kan det vere litt ventetid hos oss. 

Pris 

Tilbodet er gratis. 

Kontakt 

Helsestasjonen i Brattvåg ligg i Strandgata 40. 
Opningstid er torsdagar frå kl. 14.30 til 16.30. I feriar og ved høgtider kan det bli annonsert andre opningstider. 

Du kan nå oss på telefon 47 86 53 04 / 95 09 87 48 

Følg oss gjerne på Facebook 

Vil du vite meir? 

Ung.no

Helsenorge for ungdom

Kors på halsen 

Kostverktøyet